mandag, september 26, 2011

Oppe og går

Endelig har eg fått bloggen opp igjen, og kan komme med jevnlige oppdateringar om trening og utvikling. =)

Det har skjedd ein god del sidan siste skikkelige innlegg. Me har fått endå ein hund i hus som er ein personlighet uten like. Ein meir trygg, stødig og uredd kvalp veit eg faktisk ikkje om eg har opplevd før.
Han er tidvis ei bølle, og Thassie kan gi uttrykk for at det var heilt unødvendig å dra slikt i hus.. Men eg ser at det er positivt for hennar del, dersom ein ser på korleis forrige løpetid var mtp falsk drektighet, så skulle hu nå ha låge og berre sove, nesten ikkje ete, og egentlig vera vanskelig å jobba opp i treningssituasjon, men denne gongen har det vore ein god kombinasjon. Me hadde besøk av Oliver i verste løpetid, og hadde berre nokre dagar “aleine” før denne nye bølla kom i hus. Søndag 4. september reiste eg ut på flyplassen og henta heim ein skjønnas uten like ved navn Mitchell of Nathalie’s Pride, kalla både Myggen, Bølle og Kinky i heimesituasjon.
øvepåoppstilling

hodebilde

Han bryr seg lite og regn, og kan rett som det er finna på å ligga ute i plaskregn og kose seg med eit øyre eller ei anna leike. Det er utrulig deilig å ha ein puddel som fungerer i regn også.
Han har reagert veldig positivt på klikkertrening, og tilbyr allereie svært god kontakt i treningssituasjon. Han har funne sin plass i familien, og klarer fint å vera heime på dagtid medan eg er på arbeid. Eg har heldigvis det fortrinnet at eg kan stikka innom for å lufte nokre gonger i løpet av dagen, så det har vore lite uhell.
Men ikkje så lite uhell som Thassie hadde. Ho er framleis babyen min da.

Me har starta i ny treningsgruppe i Sandnes der det primært blir trent rallylydighet men også andre ting, og då me var der for 14 dagar sidan var det heilt utrulig deilig å sjå kor “skrudd på” ho var. Eg måtte minne meg på fleire gonger at når me går banar, så må eg huske på tempoet mitt. Når eg spurter igjennom ender eg opp med at ho går langt foran meg. Når eg setter ned farten har ho veldig god konsentrasjon og gir meg god kontakt. I 8-talet hadde eg henne utrulig bra med.
Det er framleis momenter me ikkje kan utføre, som ligg/bli og sitt/bli, og det blir primært desse me kjem til å fokusere på, iallefall på dei første kommande treningane.

250820111564

Thassie er framleis ei utrulig kosen jente, og har nå i den seinare tid tydd til både små og store for kos.

291202_10150306026272201_683337200_8326587_1272912441_o

3 kommentarer:

Kari Anne sa...

Endelig oppdatering!!! Juhuuu!!!

Tips til bli-trening: Tren på det etter ein laaaaaaang tur der ho verkeleg har fått slite seg ut..

I grunnen er det beste tipset følgande: Tren på det. Punktum ;-)

Monica - Colour makes people sa...

Wow, Grattis med ny valp! Ska sei dåkke er puddelfrelst. ;)
Hva er forresten rallylydighet?

Olaug sa...

Tusen takk. =) Ja, puddelfrelst til dei grader. Det er jo deiligt med puddel, dei røyter jo ikkje.. ;)
Rallylydighet er lydighet på ein litt mildare måte, kor det e lov å prate med hunden medan ein går bane, gi godbitar, sette fokus på samspel, glede og det er veldig viktig at dette er både kjekt for førar og hund. =) Her; http://www.rally-lydighet.com/omrallylydighet.htm kan du lese litt meir om det. =)
Det e svinkjekt, og sjøl om ein får nerver før eit stevne, så er det likavel så utrulig kjekke ting å halde på med. =)