Me har dei siste 10 dagane hatt besøk av Oliver, den herligaste litle hunden ever, så dagane har vore fulle av latter og forbauselse over den ekstremt gode kjemien mellom han og Thassie.
Dei har leika, ete, sove og kosa ilag, og det forundrar meg endå koss kjekt dei har det. Ein skulle nesten tru dei var eit ektepar slik ein kjemi det er mellom dei.
På tur har Oliver gitt Thassie ein ekstra booster, og dei begge har oppført seg eksemplarisk. Ingenting har vore skummelt, ekkelt eller grunn til å bjeffe over. Men Oliver er ein drøm å ha i band på tur, så eg ser eg og Thassie skal trene masse på det framover. Verre vimsetroll skal ein leita lenge etter. Dei har leika, ete, sove og kosa ilag, og det forundrar meg endå koss kjekt dei har det. Ein skulle nesten tru dei var eit ektepar slik ein kjemi det er mellom dei.
Oliver fant seg godt til rette hjå oss, både ilag med store og små, og var enkel å leike rundt då ungane ville leike.
På ettermiddagar/kveldar hoppa han rett som det var opp på fanget, og siste del av opphaldet syns han det var heilt greit å dele plassen hjå oss også.
Alle tre kunne faktisk ligge hjå/oppå meg uten at det blei krangel om det. =)
Nå ventar ei veke med masse planar om trening, ikkje minst rally!
Nå nærmar det seg med stormskritt dagen då me endelig får Mitchell of Nathalies Pride i hus, han kjem kommande søndag og har då reist heilt frå Nederland for å komma til oss.
Han har allerede blitt stor gut, så det skal bli spennande å sjå kor stor dverg han endar opp som. Utrulig flott å sjå til, nydelig hale, kraftig snuteparti og utrulig skjønne auger.
Visstnok har han same favorittsovestilling som Thassie, nemlig å ligga på rygg over magen eller brystkassen min. Det skal bli interessant å ha to slike koseklumpar.
Me gler oss alle saman til denna nye dude’n skal snu om litt på kvardagen vår. <3