Idag hadde eg egentlig tenkt å gå på Bråstein, men ombestemte meg. Swejsan har vore kjempeflink dei siste gongene me har møtt på hundar, og ikkje bjeffa, så me tok oss i stedet for ein tur ved Mosvatnet. Me gjekk ikkje rundt. Eg hadde med meg Tanja, og begge to gjekk kjempe fint i band. Då me hadde gått ca. 20 minutter, så stoppa me og tok oss ei treningsøkt. Med Swejsan trente me på ligg, sitt og stå med forstyrrelsar av diverse sort som andre hundar, joggerar, syklistar, folk med barnevogn. Og han var kjempeflink. Det va vått og surpete der me holdt til, men alikevel så både satte han seg og la seg.
Tanja var også kjempe flink. Hu hadde heller ingen problemer med å legge seg ned i sølå, eller sitte mens det gjekk folk forbi. Men, eg kan merke stor forskjell på dei to hundane. Medan eg trente Swejsan knurra hu bittelitt 2 gonger på andre hundar som gjekk forbi. Hu blei lettare distrahert når det kom hundar og folk forbi. Men utrulig flink til å vera henne likevel. Eg trente kontakt, sitt og ligg med henne og.
Seinare på kvelden kom Kari Anne innom med masse mat og nytt halsbånd til Swejsan. Det va bare heilt perfekt, så nå har Ayla og Swejsan heilt like halsbånd. =) Eg viste hu også kor kjapp Swejsan har blitt i ”ligg”. Me har brukt lek som belønning, og det lønner seg skikkelig med han. Då blir han nesten for ivrig til tider, at han kan begynne å bjeffe for han har så lyst på leika.. hehe.. Ganske frustrerande for han når eg då snur meg vekk og ikkje gir han nåke som helst oppmerksomhet
2 kommentarer:
Miljøtrening for alle tre, med andre ord. :-)
Du er så flinke, atte!
Ja, men mest av alt for na mor, for hu trengte nok å sjå at alt gjekk greit. =)
Legg inn en kommentar