onsdag, august 13, 2014

Litt av kvart

Det har skjedd masse sidan forrige blogginnlegg, og det kan fort henda at det blir meir blogging i tida som kjem nå.
I April var Mimi på utstilling, og fekk ck. I mai fekk hu også certet, og me var veldig fonøyd.

Me har det fryktelig kjekt ilag på utstilling, og dei voldsomme resultatene er ikkje så nødvendige for meg. Utrulig kjekt at hu får det, men for oss er dette nåke me gjer ilag og har det kjekt med.

Hausten blir særdeles spennande, og det gjenstår å sjå om Mimi er med kvalpar. Me var på besøk for ei veke sidan hjå ein mild og høflig hannhund og fekk til to flotte parringar. I veke 41 vil hu vera fødeklar om dette gjekk bra. =)

Me gler oss, og kryssar fingrane for at dette gjekk bra, og "tante" Thassie får kanskje nåken små å leike med hu og.






torsdag, november 14, 2013

Dogshow this past weekend

Mimi got Excellent 3bb :))

mandag, september 23, 2013

Thassie og Mimi

Thassie går nå sin første haust i møte på 2 år uten operasjon eller opptrening. Dette har me venta lenge på, og skal nytast med turar i det fri og uten bånd.
Det har vore store forandringar, igjen, men ser endelig ut at me kan slå oss til ro her me har enda opp. Herlige fjellturmuligheter rett i nærheten, kor begge jentene kan springe laus og bygge musklar. Spennande boligfelt kor alle aviser må lesast. Det er skjønt.

tirsdag, november 27, 2012

Ein gong igjen på rehabtrening og Thassie er konstatert frisk. =)

Nå har me endelig nådd et høgt mål me hadde, og det var å få operert begge bakbeina for patellaen og ha rehabiliteringstrening for å trene opp igjen muskulaturen i bakbeina..
Og nå er hu blitt så bra! I utgangspunktet hadde hu mindre muskelsvinn etter siste operasjon, så hu var raskt tilbake til utgangspunktet kontra første operasjon og dens opptrening. Eg glede meg te eg ska ta med jentene i skogen på deiras første skogstur isamen. Me ska ha den perfekte tur med godbitsøk, kakao og krem på boks. Smilefjes med åpen munn Det må jo feirast.

 

20121108_235723

mandag, september 10, 2012

Veke 2 etter operasjonen

Nå har me komt til andre veke etter patellaoperasjonen og me tar kvar dag som den kjem.. Allerede ser eg at hu ikkje har mista så masse muskelmasse som etter dei to forrige operasjonene, og sullinga i hagen ved lufting blir lenger og lenger. Hu er ved godt mot, og det gjer godt å sjå..
På onsdag har me kontrolltime og eg er veldig spent på den. Hu er full av iver på det meste, men me jobber med rolige bevegelsar og klarer oss veldig bra der.


tirsdag, august 28, 2012

Siste patellaoperasjon

Idag har Thassie vore til den siste patellaoperasjonen sin, et steg til mot ein patellafri tilværelse. Leddkapselen på dette kneet var like ille som det forrige, men denne gongen var me obs på det, og fekk det fiksa med det samme. Operasjonen var ukomplisert, og dyrlegen trong ikkje meisle større grop til knekula. Festet blei flytta, og me kan nå begynne på den tunge veien tilbake til normalen..


fredag, august 17, 2012

Nytt hus og ny utsikt

Den siste veka har gitt store forandringar der me har skifta bolig. Det nye huset har utsikt, nåke Thassie set stor pris på.