Så var den store dagen komen, og eg skulle ned til Frankfurt og hente Eireen heim. Først skulle eg fly frå Sola til Oslo, og derifrå ned til Frankfurt for så å fly direkte tilbake til Sola igjen.
Det blei ikkje mange timane med søvn den nattå, men ingen problem å stå opp. (lurer på kaffor) Flyet til Oslo overraska meg på mange måtar, eg va nemlig IKKJE klar over kor skummelt det var å fly, og satt med hjerta i halsen både under "take off" og landing. For ei pysa... Men, det aller verste var nede i Frankfurt. Eg trudde virkelig flyet skulle skeine over og rulle rundt, då me kom litt på halv åtte ned mot rullebanen.. Fant meg sittande å kikke ned i bakken for å lukke ute skummelhetene.. =) Og det funka jo bra.. =)
På sjølve flyplassen blei eg heilt "lost". Oppdrettar sat fast i trafikken, og var ikkje komen endå, og eg hadde skikkelige problemer med å få lokalisert kor eg i det heila tatt var. Det meste sto på tysk, og eg kan ikkje tysk.. Etter mykje om og men, fram og tilbake, nesten innsjekking og utallige frustrasjonslydar frå meg møtte eg endelig Elvira (oppdrettar) og Eireen. Ved bilen ordna me opp i resten av betaling og papirer, før me endelig blei aleine. Eg fant fort ein rolig plass, uten for mange folk susande forbi, og Eireen roa seg meir og meir etter kaoset inne på flyplassen. Eg fekk endelig summa meg og tatt bilde, så eg kunne sende til spente nordmenn heime i moderlandet. Og hjelpe meg for respons. =)
Eireen var heilt ferdig av alle inntrykka og sovna nesten med ein gong hu kom ned på fanget mitt. Eg hadde funne meg den mest teite stilling som gjekk an, nemlig å sitte på huk, og kan skjøna det at eg ikkje kunne bevege meg når hu hadde sovna så fint... Så der sat eg, på huk, og kjente beinå blei vondare og vondare. :/
Tida nærma seg for at me skulle returnere til Sola, og det var for oss bare å gå gjennom sikkerhetskontrollen. Me kom på flyet, og fekk ei heil rad for oss sjøl, handikap-plassene fremst, så det var god fotplass. Og skjønnaste Eireen sov og sov.
Me nærma oss Sola, og eg pakka om for å ha alt av papirer til tollen klar, slik at ting kunne gå fort. Eg ville heim nå. Ved tollen var det ingen, så me slapp ytterligare heftelsar, og kunne sette beina innanfor heimen litt over kl 19.
Og heime venta de spent. Møtet med Tanja gjekk veldig bra, sjøl om hu i ettertid har gitt beskjed litt urettferdig. Men, når det er skrevet, så høyre det jo til saken at Tanja er skranten mtp patellaen sin, augene og det kan fort bli nok for hu. Eg må skjerme hu litt for kvalpestrekene til Eireen, så hu ikkje får det for seg å gå på hu uten grunn.
Hu har funne seg greit til rette, Lea på snart 3 år er ikkje skummel, og bare kjekk. Anders derimot, er bittelitt skummel endå, men det tør opp for kvar time de er i nærheten av kvarandre.
Eg og Eireen har tilbrakt to netter på sofaen ilag, nåke som har resultert i tørre netter. Heldigvis at hu ikkje har tissa i sofaen.. =) Ute har hu funne "dumpeplassen" vår, kor me kaste hundebæsjane frå plenen, og setter seg bakom det vesle huset i hagen og bæsje.. Jaja, så sleppe me å gå og leite etter resultata hennas for å få de plukka opp..
Idag har eg voge Eireen, og hu vege nå 2057 gr, mot 1690 gr i forrige veka. Tanja var 2367 gr. Ikkje store forskjellen i vekt, og heller ikkje store forskjellen i størrelse aent enn ein liten c, eller to.
I morgen begynner me smått med miljøtrening og sosialisering, då hu har fått nokre dagar i ro og fred heime. Det skal bli spennande, for eg ser nå ein del ting som me allerede har begynt å "trene" på. F.eks bli komfertabel med bur, ligge i halvdelen av buret, så deretter med toppen oppå, og deretter med gitter på uten å vera lukka og så lukka. Først då vil eg bruke det i bilen, slik at hu kan var trygg i bur i bil også. Eg har allerede komt et stykke der, for hu velger allerede å ligge i bur uten topp.
Ei raptusøkt har hu hatt idag, og då tok eg hu inn i buret som fremdeles sto ferdigmontert, og hu roa seg der. Grunnen til at eg tar av toppen er at eg vil hu skal bli skikkelig komfertabel i utgangspunktet, før me sakte går vidare slik at me får eit godt grunnlag for vidare trening mtp heimetrening og liknande.
4 kommentarer:
SÅ KJEKT med bloggoppdatering!!!!! Weeee!!!
OMG så nydelige hu er!! Og det er veldig tydelig at hu er kvalp og blir mykje større enn hu er nå.. Tenke nok hu ende opp omtrent der du har håpt, eg :-)
Ja, hu er fryktelig nydelig. Og har så store potar i forhold til Tanja. Både potar og bein kjennes så forskjellig ut i forhold til Tanja sine.. =) Kjekt med dessa forskjellene..
Ho er skikkelig nydelig! Håper du oppdaterer bloggen ofte, slik at jeg får følge med på hvordan det går med dere :-)
Ja, eg håper også eg får god tid til å oppdatere, både med bilder og god tekst. For det er jo alltid så kjekt å sjå tilbake på diverse hendelsar også. =) Alltid kjekt at nåken vil følge med oss også da. =)
Legg inn en kommentar