Idag hadde me tatt det heilt rolig fram til me skulle kjøre til Ellen Beate for å treffe Kira.
Me møttes ute, og dei fekk snuse og sjekke kvarandre ut på eit lite plenstykke rett attmed. Hu skvatt litt til då Kira inviterte til lek, men dette gjekk seg til det også. Me gjekk ein bitteliten runde med begge to før me endte opp på terassen.
Kira var veldig nysgjerrig på den litle svarte dotten, og Rina syns til tider at Kira var veldig stor.
Men det var eit veldig positivt møte, og Rina klarte å slappe av veldig fint.
Her ligger dei begge to og søv så godt i skyggen. =)
Jakob, sønnen til Ellen Beate, var også der og helste på Rina. Rina falt totalt for han, og kunne nok vore i fanget hans heile tida om hu hadde hatt valget.
Jakob hjalp oss også med å trene på sykkel. Og først var sykkelen ganske skummel. Jakob var kjempeflink, og bare trilla forsiktig forbi, slik at Rina ikkje sprang vekk. Dette gjorde han et par gonger, før det var heilt greit å sykle heilt vanlig forbi hu. Då låg hu bare på bakken og konsentrerte seg om å smake på graset der.
Eit vellykka besøk med andre ord.
Alle bildene har eg lånt fra Ellen Beate. =)
2 kommentarer:
-og både Kira, Jakob og Ellen Beate håper på flere besøk! Det var så koselig å ha dere her! :-)
Det va jammen kjekt å høyra. Du ska ikkje sjå vekk fra at me komme igjen ein gong det passe. =)
Legg inn en kommentar