I kveldinga satte eg Thassie i buret sitt i bilen, og til min store fornøyelse peip hu ikkje i det heile tatt. =) Me kjørte ut til avtalt plass, der etter ei kort helsing på oss tobeinte, lukka me ut dei firbeinte. Thassie trakk seg vekk med ein gong, og syns at denne sjølsikre litle krabaten var relativt skummel. Me begynte å gå mot fotballbanen der dei fekk komme laus.
Etter litt knuffing og prøving fann Thassie sin styrke, nemlig å springe fra Una. =) Una blei trøtt etter ei lita stund, og då kunne Thassie loffe rundt hu. Dei skifta å vera den som var "tøffast", og dette gjekk seg til tilslutt. Me fekk også eit lite besøk av ein Dachs på 3,5 år, veldig easygoing hund som korkje brydde seg for masse om det eine eller det andre.
Plutselig blei fotballbanen full av fotballfolk, og me forflytta oss til grusbanen som låg på andre side av nettet.
Thassie brydde seg lite om alle lydane dei lagde, samt ballane som fauk i nettingen, men syns ein fotball var svært kjekk, som kom dabbande rett bortom oss. Og hu tok ut etter den.
Eg fekk et par gode testar på innkallingen me øvde på på søndag, og er rimelig fornøyd med resultatet på ei realtiv lita økt, som det egentlig var. =)
Blir jammen spennande å sjå kor me ende opp med innkallingen(som forøvrig er den beste eg har vore borti), når me har fått gått gjennom denne nokre gonger i sommar.
Nedenfor er det nåken bilder fra samenkomsten. =)