mandag, august 29, 2011

Oliverbesøk


Me har dei siste 10 dagane hatt besøk av Oliver, den herligaste litle hunden ever, så dagane har vore fulle av latter og forbauselse over den ekstremt gode kjemien mellom han og Thassie.
Dei har leika, ete, sove og kosa ilag, og det forundrar meg endå koss kjekt dei har det. Ein skulle nesten tru dei var eit ektepar slik ein kjemi det er mellom dei.
På tur har Oliver gitt Thassie ein ekstra booster, og dei begge har oppført seg eksemplarisk. Ingenting har vore skummelt, ekkelt eller grunn til å bjeffe over. Men Oliver er ein drøm å ha i band på tur, så eg ser eg og Thassie skal trene masse på det framover. Verre vimsetroll skal ein leita lenge etter.
Oliver fant seg godt til rette hjå oss, både ilag med store og små, og var enkel å leike rundt då ungane ville leike.



På ettermiddagar/kveldar hoppa han rett som det var opp på fanget, og siste del av opphaldet syns han det var heilt greit å dele plassen hjå oss også.



Alle tre kunne faktisk ligge hjå/oppå meg uten at det blei krangel om det. =)
Nå ventar ei veke med masse planar om trening, ikkje minst rally!
Nå nærmar det seg med stormskritt dagen då me endelig får Mitchell of Nathalies Pride i hus, han kjem kommande søndag og har då reist heilt frå Nederland for å komma til oss.

 Han har allerede blitt stor gut, så det skal bli spennande å sjå kor stor dverg han endar opp som. Utrulig flott å sjå til, nydelig hale, kraftig snuteparti og utrulig skjønne auger.
Visstnok har han same favorittsovestilling som Thassie, nemlig å ligga på rygg over magen eller brystkassen min. Det skal bli interessant å ha to slike koseklumpar.


Me gler oss alle saman til denna nye dude’n skal snu om litt på kvardagen vår. <3

2 kommentarer:

Kari Anne sa...

Ser ut som ein De Luxe ferie for Oliver, og Kinky ser lekker ut!! Misunner deg kvalpetida og luktene og tissetørking og miljøtrening og sosialisering og kvalpekurs og ALT!!! Og så gleder eg meg sjølvsagt på dåkkas vegne som snart skal få den skjønnasen i hus!! :-)

Olaug sa...

Det har vore ein ferie De Luxe for oss også å hatt Oliver her, han er jo bare råååkul den hunden da, og når dessa to har styrt på så har det blitt så møje lått og løye.

Ja, eg syns og Kinky ser utrulig bra ut, og eg klare knapt venta te søndag når eg ska ut og henta han. Ja, det vil bli ganske travelt, men eg ska få te det og. Eg må, og eg trenge at eg må. =)Så detta blir så kjekt og spennande..