torsdag, juni 02, 2011

Kloklipp, og problematikken rundt dette

Thassie har fra dag ein vore svært sensitiv på potane sine. Eg har gjort svært mykje, både med håndtering, touching, leik, klikkar og alt for at dette skal bli betre, og det har tildels blitt betre også. Med ein svært forsiktig utvikling.

Bakbeina går fint, der kan eg klippe som vanlig, men med ein gong eg prøver meg å frambeina begynner ho å hoppe opp på to bein, nykke til seg føtene, prøve å springe vekk egentlig alt untatt å bite..

Her er et lite klipp, som uforståelig nok ikkje blei av verste sorten, på korleis ho er med klotang.

kloklipp med tang

På klippet over nykker ho beina til seg, trekk seg vekk frå meg og står urolig.. Ser tydelig på Thassie at dette er noko ho IKKJE likar. :/

For ei vekes tid sidan fekk eg prøve ein kloslipar av Lene, som har ei skjønn phantomjente frå Sverige og hundefrisørsalong her på plassen. Eg fekk virkelig sansen for denne, og gjekk inn på nettsida der ho hadde fått tak i sin, og bestilte med ein gong.

Denne kom i posten i går, og med ein gong eg fekk den i hende tok eg til med tilvenningen hennar. Det eg har gjort dette siste døgeret er å halde i klosliparen medan den har vore i gong, holdt forsiktig i foten hennar medan eg holdt i sjølve sliparen. Me har vore borti poten med maskina utan å slipe noko, toke tak i kloa hennar uten å slipe, putta kloa inn i eit av dei andre hola utan å slipe, og slipt ei klo utan at ho trakk til seg foten. Eg har leika med henne med klosliparen liggande ved sida av oss i gong, og leika medan eg har haldt i den. Dette har eg repetert mange gonger, og gjort det eigentlig i tide og utide.

Så, etter eit døgn med kloslipar i hus, ser det straks MYKJE lysare ut med tanke på framtidig klo-problematikk, og det vert sjåande slik som klippet nedanfor viser. =)

klosliping

Me har endå lang veg å gå før me er i mål, men eg tykkjer at dette er stor forbetring etter bare eit døgn med sliparen i hus, og eg er veldig glad for at me har funne noko som fungerar for oss.

4 kommentarer:

Kari Anne sa...

Kjempebra at du blogger om dette her, det er jo mange som sliter med kloklipp :-)

Og for ein forskjell!!! Du er så flinke!! :-)

Olaug sa...

Ja, det er faktisk ein jysla stor forskjell på desse klippa, og ikkje minst for meg som skal utføre dette, for eg tenker at dersom det er så stor forandring etter bare ein dag, så kan jo detta koma te å bli knakande godt når eg får meir tid på meg, og gjer ting å rette måten. =)
Håpe det kan vera til hjelp for andre som slit, for jammen har det vore ukult for meg som hundeeigar å måtte gjera dette.. Iallefall når eg helst ønsker at alt skal vera så kjekt for ho.

Torhild sa...

Heisann
Så flott blogg du har. Masse spennende informasjon og flott forklart og illustrert. Tror jeg må stikke innom her oftere.
Hilsen Torhild.

Olaug sa...

Hei!
Så koselig at du stakk innom. Ja her prøver eg å dokumentere alt, men eg ser at det mest blir det eg føler eg lukkast med. Sjølv om det er minst like viktig å få med det som ikkje er så bra også. Koselig at du vil stikke innom seinare også. =)