lørdag, oktober 16, 2010

Miljøtrening, sosialisering og biltrening

Idag tok me turen inn til kaien i Stavanger for å få litt miljøtrening på store folkemengder. Inne på terminalen var det mange folk, og Thassie som den deilige puddelen hu er, trur alle folk der er til for at dei skal helse på hu.. =) Det kom 3 ungar og ein vaksen for å helse, og ein soldat fra Madlaleiren. Dei tre ungane var litt skumle i begynnelsen, men desse var greie å gi instrukser til og dei holdt hånda slik dei skulle og Thassie fekk ei god helsing. Den vaksne tok denne instruksen med ein gong, og Thassie likte veldig godt denne helsinga. Ein soldat sneik også handa ned til hu i forbifarten då han gjekk forbi..
Ute kom hurtigbåtane på rekke og rad, og Thassie har aldri sett dette før. Hu satte seg ned og kikka på desse båtane som la til kai, men på slutten blei det litt i meste laget med alle folka som samla seg for å gå ombord på båten. Då trakk me oss tilbake til bilen, og hu la seg til å sove med ein gong.

 

Me tok turen innom lagerzoo der hu fekk seg nytt halsbånd og langline på 6 meter. Litt greiare dersom eg skal trene litt lausare med hu.

Etterpå kjørte me til oljedirektoratet sin parkeringsplass, og trente på ligg i ukjente omgivelsar. Eg fekk et par gode liggar, men eg ser eg må auke på forstyrrelsane i forskjellige omgivelsar slik at hu blir vant til dette, og får det bedre til.

 

Då sosialiseringskurset begynte blei gruppa delt i to der ei skulle gå tur med forskjellige forstyrrelsar/skremmande lydar og liknande mens den andre gruppa skulle sosialiserast og leka i lag i skogen.

Der var masse bygningsarbeid på staden, men Thassie er vel vant til dette frå heime og nabotomta, så dette var ingen problem. Derimot var ei handlevogn litt skummel, og plankar som falt i bakken. Ho undersøkte raskt, og rista det heile av seg. Bussar passerte og tuta, men Thassie reagerte ikkje på dette.

Etter turen skulle me sosialisere to og to hundar, og Thassie skulle få møte ein flat. Denne viste det seg at hu allerede hadde møtt i hundeskogen der me tok ein liten filmsnutt. Møtet gjekk kjempegodt, dei sprang og koste seg, leika og søkte etter godbitar ilag.

Etterpå gjekk Thassie i bilen igjen, men då bjeffa hu, eller peip rettare sagt. Eg trur hu har hatt ein grei dag, for hu har ikkje hatt raptusar eller vore stressa, men kopla kjempegodt av. Sove godt både på sofa og i fanget.

Ingen kommentarer: