lørdag, april 17, 2010

Ny sporar i hus frå juni 2010

Nå har eg leita på nett i 2 mnd etter ein mellompuddel tofarga. Faktisk så har eg ikkje visst om at der finnes 2 farga pudlar, men EG ELSKE det faktum at det gjere det.

Endelig litt fargekombinasjonar å velge mellom for oss som ELSKE det faktum at puddelen ikkje røyter. Det e vel nåke av det besta som finnes. Deilige hundar som IKKJE røyter. Men, når det e sagt, så e de jo deilige dei så røyte og da..

Eg syns ikkje det var det enklaste, siden dette ikkje var å oppdrive i Norge eller i Sverige, så eg måtte ty til det skikkeliga utlandet. Problemet var ikkje å finne ein tofarga, for dei finnes det plenty av, men det er størrelsen som var litt vanskelig.

Mellompuddel som me har i Norge, går inn under "Standard" i utlandet, altså Kongepuddel. Men det er likevel nokre som også har desse "klein pudel" eller "Moyen".
Standard i utlandet går frå 38 cm til 60 +/-.
Klein pudel går altså frå 35 cm (i England) og 38 cm i den store verden..


Toy, Dverg og kongepuddel var enkelt å finne, og ikkje minst teacup poodle. Enkelt å finne tilgjengelige kvalpar og i mange forskjellige variasjonar.

Eg blei heilt forelska i både "Harlekin" som er 50/50 svart og kvit og Phantom Black&Tan som eg vil sei er veldig lik fargecoveret til ein Rottweiler, meir eller mindre.

Det finnes ganske masse forskjellig, og det er mange gode sider som viser dette, men eg har tenkt å forklare litt om det.

Mismark
- Solid farge på kroppen med kvitt parti på bryst og potar, den kombinasjonen som er "lågast" på listå..


Harlekin er 50/50 av kvit og svart/sølv/brun/blå









Parti
er som eg har forstått i utgangspunktet kvit med partier med forskjellige fargar, enten svart, aprikos, rød, brun osv. Men andelen av kvit e større enn 50%.




Sable
Sable'n e ganske artig, Håret på botnen er ein farge og langs lengden på hårstråa endrer fargene og ender vanligvis opp med brune eller svarte tuppar. Her finner du også Phantom Sable..


Brindle og Saddle og Saddle med kvitt parti


En Phantom er alle farger som er født med tan punkt-mønster. Dette mønsteret er typisk for dobberman, Yorkshire Terrierane, Manchester Terrierane.....
Dei må ha dei lyse flekkene på bestemte plassar, og det er: over kvart auga, på sidene av munnen og kinnene, på undersidene av øyrene, på alle føter og/eller beina, under halen, og vanligvis finnes det også på brystet.
Eg har også sett desse i sølv og tan, og som denne nydelige siste her som er ein Phantom cafe au lait.


Utallige kombinasjonar finnes der ute i den store verden, og her kan du lese meir utfyllande om dei forskjellige fargekombinasjonane.

Det e altså av den siste kombinasjonen eg skal få. Mellompuddel Phantom B&T, =)

Mor til Eireen (den skjønnaste kvalpen som eg skal få) er 40 cm, og faren (nåke av det nydeligaste eg har sett) er 43 cm. Just the perfect height.. =)
Eireen
















Mor til Eireen


Far til Eireen

2 kommentarer:

Kari Anne sa...

Dæsken så masse der er å velje mjødlå, da! :-) Så du ska få deg ein phantom puddel du då? Ein aldri så liten aylapuddel :-) Høhøhø...

Endelig kom blogginnlegget! :-)

Olaug sa...

Jupp ein liten Aylapuddel. Neste puddel etter det e ein harlekin. =)Det blir nok aldri bare ein hund i detta huset meir.. Så fantastisk å velga mellom..