fredag, juli 21, 2006

I ettermiddag tok eg med meg Swejsan og ein haug med godbitar, samt 4 jenter fra 5 til 8 år ned til vatnet for å bade. Turen dertil gjekk strålande, masse båndtrening, klikking og godbitar. Jentene spurte masse om kaffor eg klikka han, og eg forklarte i det fulle og det breide. Vel nede ved vatnet sprang alle 4 uti med ein gong. Swejsan blei kjempe frustrert, for han simpelten ELSKER å bade. I et stille øyeblikk gjekk også me uti. Eg bretta bare opp buksene, så vassa me ut. Han blei litt fortumla når me bare sto der, så eg tok av den eine slippersen og kasta ut i vatnet til han. Han tok sats, og svømte ut for å hente den til meg. Dette gjorde me fleire gonger, før me gjekk opp for å varme beina litt.. Men det gjekk ikkje lenge før han igjen blei frustrert og ville bade. Me gjekk atter ein gong ned, og repeterte det me hadde gjort. Idag klikket eg for at han kom til meg med skoen, og det såg ut som badenymfå storkoste seg.
Då me hadde komme opp igjen, bjeffa han litt for han ville uti igjen, men eg fekk han bare til å legge seg for å slappe av litt.
Då kom der same schaefer-blandingen som me hadde møtt på sist, oghan blei heilt tullerusk. Eg forstår ikkje kaffor, for eg hadde allerede før de kom gjort klar lengden på bandet så eg slapp å ålla med det om ein slik situasjon skulle oppstå. Men det spelte visstnok ingen rolle. Han hoppa, bjeffa intenst, hoppa over meg som satt nede på bakken. Kjente eg blei heilt stressa, men gjorde ikkje nåke aent enn å halde han fast, og prøve å halde meg sjøl i loddrett stilling. Det er faktisk vanskelig å holde seg sittande oppreist når ein hund på 25 kg blir litt vel vilter... Men dette gjekk heldigvis oer, og me kunne igjen nyte roen og den vakre naturen.
Eg hadde meg tre treningsøkter. ei med sitt, og to med kontakt. Eg må seriøst trene masse på kontakt, for det har eg forsømt dei siste vekene.. Det e nok det eg må prioritere mest når eg tenker meg om, ja..
Vel heime så slapp eg han inn i hagen. Der gjekk han heilt aleine mens eg praa med nabodamå om problemhunden hennar. Som bjeffe og bjeffe og bjeffe. Hunden er for øvrig ein ungarsk puli... men egentlig likna den mest bare på ein veldig overvektig dårlig klipt mellompuddel... men men... same det.. Ga henne nåken råd om ka hu skulle gjer, og ABSOLUTT ikkje gjer.. som f.eks å kjefte på hunden, eller gå etter den å rope navnet hennas... vel, vel.. eg kan jo alltids prøve å hjelpe hu litt da.. mens eg sto der med dette, kom det bare 2 enkle bjeff fra Swejsan. Så det va jo bra.. =)
I mårå vil eg og må eg ut på parkeringsplassen å iallefall ha 5 treningsøkter med han.. Det er mitt mål i morgen..

Ingen kommentarer: