tirsdag, juli 12, 2011

"På plass"videosnutt

Her er ein liten videosnutt av kor langt me har komme med vår på plass. Då eg tar ein venstrevending kastar eg godbiten mot katten som står utanfor video-området, og det er ein ganske stor forstyrrelse for Thassie. Men eg er veldig fornøyd.
video

“På plass” og generalisering

Idag begynte me med å prøve “på-plass’en” vår ute på veien. Det var litt mange forstyrrelsar i begynnelsen, og hu var veldig langt borte. Eg venta hu ut, og vips heiv hu seg rundt og kom på plass. Dumme meg hadde gløymt å ta med leika ut, for eg hadde jo tenkt å leike hu opp i intensiteten før me byrja, men det gjekk.. Ein plass må me starte, og det er bedre å få gjort litt, enn ingenting.
Etter at ho hadde satt seg “på plass”, kasta eg godbiten foran ho slik at ho kom vekk fra posisjon igjen, for å komme inn igjen på plass. Men igjen måtte eg vente, då det var svært liten kontakt…  Tilslutt kom hu å ga meg ein perfekt “på plass”, og eg gjekk vidare med litt venstre vendingar og lineføring for å iallefall lukkas med noko.. Og det trur eg var lurt….

-- note to self; Thassie må leikast opp, desto meir, desto betre---

Då det var tida for pause i malinga i kveld, skar eg opp ei fiskekake og tok leike og Thassie med meg ut. Eg byrja å leike med ho med ein gong, for å få ho meir med meg, og då leika var “kjekk” nok, ga eg kommandoen “på plass”, og sprang og satte seg ved sida av meg.. Forbauset smilefjes Eg trudde nesten ikkje mine auger, men jammen gjorde hu dette gong på gong. Smilefjes
(Leika eg hadde tatt med ut, er ikkje av den kjekkaste, for den har eg tenkt å spare til ein plass med fleire forstyrrelsar.)

Me fekk ca 10 repetisjonar på innkomsten, og dei siste 3 gongene auka eg kriteriene med at ho skulle sjå på meg, 2 gonger med  1 sekund før ho fekk “JA” og eg kasta godbiten. Siste gong, 2 sekund. 

Det sviv heile tida i hovudet mitt medan me trenar, at eg må gjer det vanskelig nok for Thassie, slik at ho syns det er kjekt. For at dette er ein smart puddel, ER INGEN tvil om…

Eg lot ho få “lese avisa” som avslutning på treningen, og sjøl om den ikkje var lang, var den jysla effektiv. Smilefjes med åpen munn

søndag, juli 10, 2011

“På plass” (platz) og et lite bilde av Mitchell of Natalie’s pride

Thassie syns det er fryktelig kjekt å leike med caps, så idag brukte eg dette som belønning i treningen av på plass. Me har allerede fått tipset om å finne fram boksen igjen, for å få hu til å skjønne at det er ved sida av  meg hu skal sette seg på plass, og ikkje rett foran eller 90 grader ut frå meg. Eg fekk inn nokre gode “på plass” og fekk leika hu svært godt opp innimellom. Og hadde 5 perfekte “på plass” på rad. Eg fekk også til å belønne at ho såg på meg etter at ho hadde komme på plass.
Då gjekk eg over til superbelønningen, ei lita rosa gummipipeleike. Då tippa ho nesten over, og eg sto heilt rolig for å få ho litt ned igjen. Så smalt den eine “på plassen” inn etter den andre, og eg fekk 10 slike der eg fekk lagt kommandoen “på plass” til før hu med fantastisk fart smalt korrekt inn “på plass”. =)
Veldig fornøyd med denne økta her, og forhåpentligvis får eg tatt dette ut på framand plass idag.

Ellers dukka det påå eit skjønt lite bilete av den kommande nye kvalpen, og eg blir bare meir og meir betatt. Gler meg til å bli kjent med ein guttepuddel, for eg har jo bare hatt jenter til nå. Og ikkje minst, kjenne den deilige kvalpalukta igjen.

kink1

fredag, juli 08, 2011

Mitchell of Nathalie’s pride

I slutten av august kjem der liten trave i hus igjen.

271746_241143675914363_100000561971913_944579_8217019_o

Denne gutten er født 20. juni, er ein kolsvart dvergpuddel, og har ei utrulig flott stamtavle. Han skal skal me stilla ut, og håpar å nå høgt i utstilling, men eg skal sjølvsagt også trene lydighet og agility med han her. Navnet er litt ubestemt endå, men eg har ein veldig svakhet for det kvardagsnavnet til faren.

Faren, Jasenak Indigo “Kinky” er avbilda under.

nath en kinky 

kinky-leiden-2

Mormora til den nye kvalpen er  Ch Look's Don't Lie of Nathalie's Pride, utrulig flott, og avbilda under.

lolly-wijchen-1

 

Både far og mor er 33 cm, og fri for både patella og fri for PRA/PRCD.

Eg gleder meg nåke heilt utrulig, og det blir antagelig rundt helga den 27. august at han kjem til Norge. På an igjen med sosialisering og miljøtrening, og allerede har eg 2 ting i tillegg til alt det andre som eg gløymte med Thassie, *bevegelige ting og *folk på tak/i stige/på høg terasse…