onsdag, oktober 20, 2010

T-gjengen

Nå har me igjen fått besøk av kjære Turbo til far, og han skal vera her i 1,5 veka. =) Me har store planar for både trening og tur i hundeskogen, dvs gå møje lengre turar der enn ka Thassie kan endå. Og alle tre går så godt ilag.

Et bittelite minus er ei enorme røyting, men me håpe at masse greiing av pelsen, samt støvsuging av golvet dempe det minuset der.

På tampen et lite bilde av trekløveret…

SDC10704

lørdag, oktober 16, 2010

Endelig ein liten mellompuddel

Det som er så kjekt med størrelsen til Thassie, er at hu er akkurat passe til å ligge på fanget og kose….

Hu er akkurat passe til å leke med Lea uten at Lea blir nedsprungen, dunka med halen eller blir dytta ned om Thassie hopper opp på hu.. Alldeles nydelig..

SDC10694 SDC10696

SDC10700

Nå i skrivande stund har hu akkurat bikka over til å bli ein mellompuddel, og er heile 35,5 cm høg på manken. =)

Miljøtrening, sosialisering og biltrening

Idag tok me turen inn til kaien i Stavanger for å få litt miljøtrening på store folkemengder. Inne på terminalen var det mange folk, og Thassie som den deilige puddelen hu er, trur alle folk der er til for at dei skal helse på hu.. =) Det kom 3 ungar og ein vaksen for å helse, og ein soldat fra Madlaleiren. Dei tre ungane var litt skumle i begynnelsen, men desse var greie å gi instrukser til og dei holdt hånda slik dei skulle og Thassie fekk ei god helsing. Den vaksne tok denne instruksen med ein gong, og Thassie likte veldig godt denne helsinga. Ein soldat sneik også handa ned til hu i forbifarten då han gjekk forbi..
Ute kom hurtigbåtane på rekke og rad, og Thassie har aldri sett dette før. Hu satte seg ned og kikka på desse båtane som la til kai, men på slutten blei det litt i meste laget med alle folka som samla seg for å gå ombord på båten. Då trakk me oss tilbake til bilen, og hu la seg til å sove med ein gong.

 

Me tok turen innom lagerzoo der hu fekk seg nytt halsbånd og langline på 6 meter. Litt greiare dersom eg skal trene litt lausare med hu.

Etterpå kjørte me til oljedirektoratet sin parkeringsplass, og trente på ligg i ukjente omgivelsar. Eg fekk et par gode liggar, men eg ser eg må auke på forstyrrelsane i forskjellige omgivelsar slik at hu blir vant til dette, og får det bedre til.

 

Då sosialiseringskurset begynte blei gruppa delt i to der ei skulle gå tur med forskjellige forstyrrelsar/skremmande lydar og liknande mens den andre gruppa skulle sosialiserast og leka i lag i skogen.

Der var masse bygningsarbeid på staden, men Thassie er vel vant til dette frå heime og nabotomta, så dette var ingen problem. Derimot var ei handlevogn litt skummel, og plankar som falt i bakken. Ho undersøkte raskt, og rista det heile av seg. Bussar passerte og tuta, men Thassie reagerte ikkje på dette.

Etter turen skulle me sosialisere to og to hundar, og Thassie skulle få møte ein flat. Denne viste det seg at hu allerede hadde møtt i hundeskogen der me tok ein liten filmsnutt. Møtet gjekk kjempegodt, dei sprang og koste seg, leika og søkte etter godbitar ilag.

Etterpå gjekk Thassie i bilen igjen, men då bjeffa hu, eller peip rettare sagt. Eg trur hu har hatt ein grei dag, for hu har ikkje hatt raptusar eller vore stressa, men kopla kjempegodt av. Sove godt både på sofa og i fanget.

onsdag, oktober 13, 2010

Thassie sitt aller første møte med hest

Idag tok eg Thassie med til stallen. Eg var veldig spent på kossen dette skulle gå siden hu aldri eingong har sett hest, men eg må sei eg blei veldig imponert.
Ho fekk først stå på god avstand og sjå på desse store dyra. Ganske fort begynte hu å skjelve, men dette gjekk over etter 2-3 minutter.


Me rusla litt utenfor stallen mens dei andre stelte hesten inne. Etter nokre minutter gjekk me også inn, og hu var veldig ivrig til å skulle lukte på hesten. Hu fant seg et par hesteskitkaker som hu maula i seg, og som eg også lot henne få gjer, og oppførte seg som om hu hadde gjort dette veldig masse.

 
Då me gjekk oppover til banen gjekk Thassie lykkelig og glad, og kunne nesten ikkje komme fram tidsnok. Hu var ikkje mottagelig for godbitar, aent enn 2 stk på sluten av turen, men mitt einaste kriterie idag var at hu ikkje skulle bjeffe ( med andre ord at hu ikkje skulle vera redd). Og hu bjeffa ikkje ein einaste gong. Nydeliga jentå mi.
Oppe ved banen fekk dei to store jentene prøve seg på hesten, og me blei ståande stille attmed. Hu brydde seg lite om hesten, kikka selvfølgelig då hu kom nærme oss og rytterane skulle byte, men det var like kjekt å hoppe ned i skråningen og opp igjen i det høge graset. =)

På vei ned igjen gjekk me alle samla, og hu fekk komme inn i buret då me kom ned til stallen igjen.  Oppe ved banen hadde hu seg et par hopp og litt biting i bandet, og dette er et tydelig tegn på at det er nok for henne. Hu la seg til med ein gong då hu kom inn i buret, og det kom ikkje ein einaste lyd då eg gjekk i fra (slik det egentlig pleier). =)


tirsdag, oktober 05, 2010