fredag, april 30, 2010

torsdag, april 29, 2010

Snart bare 1 mnd igjen

Om få dagar har me bare ein mnd igjen å venta før eg kan sette meg på flyet på Sola, og fly ned til Frankfurt for å plukke opp Eireen. Fekk opplyst av oppdrettar at hu antagelig ville vera 20 cm og omkring 2 kg. Altså akkurat slik som Tanja er.. =)
Kjenner tanken på ein travel og innholdsrik mai får meg til å smile, for då vett eg tida vil gå fort.

Det har og kome nye bilder av Eireen, etterlengta til dei grader, for eg får jo ikkje nok bilder å drøyme meg vekk i. :)


Eireen er hu med gult halsbånd. =)

onsdag, april 21, 2010

3veker

Nå har hu rukke å blitt 3 veker, og nye bilder har kome på mail. Eg ser eg må begynna å forbereda litt, med tanke på rommet hu skal var på.
Men fy søren så nydelig hu er, hu har så flotte brunfarge. <3

søndag, april 18, 2010

Eireen

Eg må komme opp med et knallbra navn. Et så klinge godt når eg ska ha hu inn på innkalling. Et slikt "knallgodt" navn. Gjerne orginalt.
Men eg har god tid på meg på det.

Eg har store drømmar om henna.. For meg iallefall.

I henhold te lydighet, så blir eg jysla fornøyd om hu ende opp med god kvardagslydighet..

I forhold te spor, så har eg ambisjonar.
Me ska begynna tidlig..
2 veka hjå meg, ska eg strø ut godbitar slik eg har gjort med Tanja, og lære hu til å bruke nasen sin for å oppnå belønning.

Eg må også gå kvalpakurs.. For eg har jo aldri hatt kvalp før.. Min første kvalp, som 31 åring gitt.

Eg har bestemt meg for IKKJE å stille ut, for eg vil ikkje utsette hu for det stresset der.

Men agility og spor e definitivt nåke eg har lyst til og kan klare å gjennomføre. Det til tross for ungar i alderen straks 3 og 10 år. Det e jo bare stas om me finne de.... Når me har komt oss et lite stykke ut i treningen ska dei få var med å hjelpa te med ID-spor. Og då ska forhåpentligvis begge hundane få var med ut i skogen å søka opp.

Tanja er jo Patella-positiv, så eg må finna greie plassar for henna å komma fram på. Dessuten e hu jo så liten og (22 cm i mankehøyde), så det e greit om ikkje det er for store hindringar for henna..

-----------------------------------------------

Eg ska lera na te å rydda for meg. :D
* Lera na te å plukka opp ting og legga dei i ein kasse.
* Lukke dører
* Bære ut på kjøkkenet diverse småting


Det som eg ser vil bli det vanskeligaste, er å lera hu til å IKKJE bjeffa.. Spesielt siden Tanja bjeffe kvar gong det ringe på dørå, når det komme folk, hvis hu lukte maten sin og me går ut på kjøkkenet.

Detta ska bli kjekt..

lørdag, april 17, 2010

Ny sporar i hus frå juni 2010

Nå har eg leita på nett i 2 mnd etter ein mellompuddel tofarga. Faktisk så har eg ikkje visst om at der finnes 2 farga pudlar, men EG ELSKE det faktum at det gjere det.

Endelig litt fargekombinasjonar å velge mellom for oss som ELSKE det faktum at puddelen ikkje røyter. Det e vel nåke av det besta som finnes. Deilige hundar som IKKJE røyter. Men, når det e sagt, så e de jo deilige dei så røyte og da..

Eg syns ikkje det var det enklaste, siden dette ikkje var å oppdrive i Norge eller i Sverige, så eg måtte ty til det skikkeliga utlandet. Problemet var ikkje å finne ein tofarga, for dei finnes det plenty av, men det er størrelsen som var litt vanskelig.

Mellompuddel som me har i Norge, går inn under "Standard" i utlandet, altså Kongepuddel. Men det er likevel nokre som også har desse "klein pudel" eller "Moyen".
Standard i utlandet går frå 38 cm til 60 +/-.
Klein pudel går altså frå 35 cm (i England) og 38 cm i den store verden..


Toy, Dverg og kongepuddel var enkelt å finne, og ikkje minst teacup poodle. Enkelt å finne tilgjengelige kvalpar og i mange forskjellige variasjonar.

Eg blei heilt forelska i både "Harlekin" som er 50/50 svart og kvit og Phantom Black&Tan som eg vil sei er veldig lik fargecoveret til ein Rottweiler, meir eller mindre.

Det finnes ganske masse forskjellig, og det er mange gode sider som viser dette, men eg har tenkt å forklare litt om det.

Mismark
- Solid farge på kroppen med kvitt parti på bryst og potar, den kombinasjonen som er "lågast" på listå..


Harlekin er 50/50 av kvit og svart/sølv/brun/blå









Parti
er som eg har forstått i utgangspunktet kvit med partier med forskjellige fargar, enten svart, aprikos, rød, brun osv. Men andelen av kvit e større enn 50%.




Sable
Sable'n e ganske artig, Håret på botnen er ein farge og langs lengden på hårstråa endrer fargene og ender vanligvis opp med brune eller svarte tuppar. Her finner du også Phantom Sable..


Brindle og Saddle og Saddle med kvitt parti


En Phantom er alle farger som er født med tan punkt-mønster. Dette mønsteret er typisk for dobberman, Yorkshire Terrierane, Manchester Terrierane.....
Dei må ha dei lyse flekkene på bestemte plassar, og det er: over kvart auga, på sidene av munnen og kinnene, på undersidene av øyrene, på alle føter og/eller beina, under halen, og vanligvis finnes det også på brystet.
Eg har også sett desse i sølv og tan, og som denne nydelige siste her som er ein Phantom cafe au lait.


Utallige kombinasjonar finnes der ute i den store verden, og her kan du lese meir utfyllande om dei forskjellige fargekombinasjonane.

Det e altså av den siste kombinasjonen eg skal få. Mellompuddel Phantom B&T, =)

Mor til Eireen (den skjønnaste kvalpen som eg skal få) er 40 cm, og faren (nåke av det nydeligaste eg har sett) er 43 cm. Just the perfect height.. =)
Eireen
















Mor til Eireen


Far til Eireen

onsdag, april 14, 2010

Litt spor

Me har siden søndag kasta ut små godbitar/oppbløtt mat på plenen, slik at Tanja har fått snust opp desse. Og jammen er eg imponert av den litla tøttå.

Hu går egentlig lite på grovsøkt, men tar strategisk føre seg et og et område med finsøk. Når hu ikkje lenger finne meir på finsøk, går hu over i grovsøk og ender opp med konklusjonen at der e meir, eller ikkje..
Hvis der ikkje e meir, så slutter hu å leite.. Ligg det igjen ein, så er det jammen ned med nasen i ein kombinasjon grov og fin, til hu er i område.. Artig å sjå koss hu arbeider. =)

Nå skal me utvida, å jobba vidare i frå dette utgangspunktet. Målet er ID-spor. =)