torsdag, august 31, 2006

GJENNOMBRUDDET KOM

Idag har det vore et gjennombrudd med Swejsan. Han har vore i bilen fra morgonen kl 7.00 og fram til lunsj kl 11.45. Då hadde eg han ute i ca 15 minutter, så me fekk trent litt, han fekk snuse, og skvette, samt at han fekk var litt med meg. Etterpå lot eg han stå i bilen igjen, og der va han til eg var ferdig på jobb kl 15.30. Eg er heilt overgitt over koss bra det har gått.

Etter jobb reiste eg innover, og denne gangen var det tyskerar på besøk. De gjekk å lista seg rundt i huset, nåke som ikkje falt Swejsan i smak. Dette gjorde til at han bare ville bjeffa på de. De prata stilt, gjekk stilt, og eg hadde nok også bjeffa på folk som smaug seg slik rundt i huset... Hallemann, alstå.. Ute gjekk det veldig bra igjen. Då satt de jo å prata med far, og var slettes ikkje stille i det heile tatt, og då brydde han seg ingenting..

Me gjekk ein tur på kvelden, og han fekk for det meste springe laus. Dette gjekk veldig bra, og han kom tilbake når eg ropte på han.

onsdag, august 30, 2006

A taste of freedom

Idag har me slått alle tidligare rekordar me har på det at Swejsan er aleine i bilen. Eg kom på jobb kl 07.00 og lot han stå i bilen. 7.30 kjørte eg til tannlegen, og tilbake igjen 8.30. Først kl 10 tok eg han inn på jobb! Foruten om den tida eg var i bilen å kjørte var han 3!!!! timar. Sukk, det va deilig. I lunsjpausen tok me vår vanlige luftetur, men med litt generalisering på sitten hans. Det gjekk forsåvidt greit, men skal nok gå bedre neste gong me prøve. Eg sa sitt til han, og han satte seg, fekk klikk og godbit. Eg sa sitt igjen, og det same skjedde. Etter desse to gongene sa eg ”blad” med same tonefallet, men han satte seg ikkje!! =) Selvfølgelig fekk han klikk og godbit på det. Dette skal eg fortsette me i pausane våre, for det e egentlig litt kjedelig å bare sitte å vente på at me skal ta opp igjen arbeidet på jobb, og då kan eg likegodt bruke tida på å trene Swejsan. Det trur eg også kan var med på å opprettholde det at han er så rolig i bilen. Etter ca 20 minutter fekk han komme inn i bilen igjen, då var klokka ca. 12.15, og der var han til 14.30.. endå nye to timar.!!!!! Så tilsamen var han altså 5!! Timar aleine i bilen idag. Gutten som ikkje klarte 5 minutter då me fekk han eingong.
Eg trur eg kan bruke det at han ikkje vil var med meg på jobb til nåke også. Idag igjen stoppa han heilt opp idet me skulle gå ut døra. Og det gjere han ALDRI når me bare kla gå på tur, eller ut generelt. Men eg kler jo på meg arbeidskler om måren, så hvis han blir med meg ut på den tida, då e det bare ein ting me skal. Og det er på jobb. I mårå skal eg gå ut av døra uten Swejsan, og vente utenfor i 2 minutter. Eg skal ta tida på det. Neste gong skal eg auke til 3 minutter. Sånn skal eg gå fram til me er oppe i 10 minutter. Så skal eg gå over til å gjere det på ettermiddagen, når eg antageligvis har bedre tid til å kunne vente.. Det er herlig å sjå at me komme framover.
Idag var Swejsan møje i bilen pga at me har to stykker der som monterer på nåke. Desse er tydeligvis litt skumle for Swejsan, så han bjeffe på de sjøl om de e 2 meter eller 10 meter fra han. Eg har desverre ikkje hatt mulighet til å klikke dette vekk idag, ellers kunne me gjort det også.. Blir spennande i mårå. Trur eg kjøre same løp som dei to føregåande dagane då.. =) Er herlige hund å var ilag med, men eg kan kjenne det at det stresse meg ein del når eg aldri vett om han finne ut han skal bjeffe på nåke eller det at eg er ute av synet litt for lenge.. Så det gjer det ekstra deilig når han faktisk kan ha det bra ute i bilen, rolig og fin, bare ligge å sove uten nåke tegn på seperasjonsangsten hans.. =)

mandag, august 28, 2006

"med på jobb-veke"

Swejsan skal var med meg på jobb denne veka, og idag tenkte eg å prøve at han var meir i bilen enn vanlig. Lot han stå 1 time etter eg ankom jobb, og dette gjekk strålande. Då eg henta han låg han bare samenkrølla i bilen og sov. Etter lunsj (tissepause) og litt kontakttrening aå fekk han ligge 1,5 time aleine i bilen. Også dette gjekk likedan. =) =) Eg er så fornøgd at eg klare nesten ikkje få fram ord. Då eg hadde tatt han inn etter lunsjen, kunne eg faktisk gå over 20 meter fra han uten at han bjeffa for at eg skulle komme nærmare. Eg var også ute av synet nokre minutt, UTEN at han bjeffa eller stressa av den grunn. DEILIG!!! Det er så deilig at det virke det eg har gjort til nå.. Juhuhuhu...

fredag, august 25, 2006

Tur med trening

Eg hadde satt meg klare mål ikveld på å trene på at de skulle gå kvar si side mens me gjekk. Dette gjekk strålande, for Swejsan gjekk like fint ikveld, som han gjorde igår. Tanja vimsa litt fram og tilbake, men gjekk for det meste på høgre side som eg på førehand hadde bestemt meg for. Swejsan får gå på venstre side, for det er lettare for meg å fortsette med han på den sida sidan han e så stor. Som igår tok han også ikveld masse kontakt, gjekk fram til bandet blei stramt, men stoppa før det rykte i det. =) Eg e så stolt, for me trengte det så masse at nåke går vår vei også.
Framme ved butikken bandt eg hundane i kvar sin stolpe så dei ikkje skulle vikle seg inn i kvarandre. Eg gjorde teikn til begge at de skulle var der, så gjekk eg inn for å handle det eg skulle. Då eg va ferdig, stoppa eg opp for å høyre om de bjeffa eller nåke, men det va ingenting. De såg ikkje mot veien eg gjekk eingong, så detta går strålande. På vei til butikken høyrte me to hundar som var i slagsmål ikkje så langt frå oss, men Swejsan skarpa bare øyrene sine, og blei litt ivrig, men dette gjekk fort over. Vel heime tok me bittelitt trening. Swejsan fekk sitt med kommando og kontakt uten klikker, medan Tanja fekk kontakt og ein sitt uten kommando og uten klikker.

Note to myself: HUSK KLIKKER PÅ TUR!!!

torsdag, august 24, 2006

Tur med to

Idag tok eg med meg begge to hundane med på tur. Eg hadde fiksa meg ei godbitveske til å ha godbitane til Swejsan i, og denne fungerte kjempefint. Etter ca 400 m, stoppa eg for å trene litt med Tanja.
Tanja stresser veldig masse ute på tur, så det er minimale kriterier eg har for henne mtp trening ute. Eg bandt fast Swejsan og gjekk nokre meter fra. Hu var veldig interessert i alt anna enn å sjå på meg. Med ein gong hu kikka på meg, fekk eg klikka og gitt godbit. Eg hadde ingen formeining om frekvens eller andre kriterier enn at hu skulle sjå på meg, bare nok til at eg fekk nokre repetisjonar så hu også kommer inni dette også. 5 gonger tilbydde hu også sitt, så eg blei kjempe fornøyd med den vesle treningsøkta.

Swejsan derimot va heilt klar for trening, og me tok også kontakt. Først senka eg kriteriene, dvs latenstida, slik at han kunne få nokre klikk for kontakt. Dette gjekk greit, og eg auka kriteriene kjapt. Fekk til 3 sekunder før me blei avbrutt av ei dame på sykkel med ein schaefer på slep. Eg fekk masse pølsebitar i handa i ein fart, og han bjeffa tre gonger på dei då dei va ca. 50 meter fra. Eg klikka som ein tulling og fòrte på med pølsebitar, og han tidde stilt og tok imot. =) =) =)
Etterpå gjekk me vidare, og Swejsan va ein drøm å gå med ikveld. Heile tida gjekk han kun nokre få skritt foran meg, før han snudde for å komme tilbake. Eg veit han forventa godbit då, for han tok etter handa mi akkurat som om eg skulle gitt han det. Han fekk ikkje godbit før han gjekk ved sida av meg med hovudet vendt framover.
Man lærer av sine feil

onsdag, august 23, 2006

Fin treningsdag

seperasjonsangst-trening:
Idag har det meste av dagen gått til å trene vekk seperasjonsangsten. Eg har vore heime pga av skulderbetennelse, så me har hatt mange muligheter til å trene.
* tatt i nøklane ca 10 gonger
* latt han vera igjen inne då eg henta posten. Ute ca 2 min. Kom inn igjen, ingen stressteikn, ingen bjeff medan eg var ute heller.
* stengt igjen dører etter meg så han ikkje har kunna følgje etter meg.
* stengt inngangen til garasjen så han måtte var aleine i hageområde. Siste gongen tutla han veldig på aleine i hagen, så eg måtte rope på han då eg skulle inn igjen.

Sjølstendighet er ein dyd
Iallefall hjå Swejsan. Men om ein oppsummering fra han kom til oss, og fram til dags dato, er det over hundre prosent forbetring. Bare det at han roar seg godt i bilen, ikkje blir heilt frå seg når eg går ut dørå gjer te at eg orker å fortsette.. I mårå skal eg ta tida på han. Først var ute eitt minutt, deretter komme inn igjen, sei hei, og fortsette med det eg dreiv på med. Så vil eg auke til 1,5 minutt neste gong eg går ut, gjere nett det same når eg går inn igjen.
Slik vil eg fortsette ut dagen, og så vil eg sjå framgongen i det. Dersom han takler dette bra etter første minutt vil eg auke på. Men om det viser seg at han treng meir tid, vil eg ikkje gå så fort fram.

Trening Swejsan
*Lengre sittar samstundes med kontakt
- Dette gjekk forsåvidt bra, men eg har gjort ein feil, å det er å trene både sitt og dekk.. Det som skjer er at han ofte setter seg heilt perfekt, men for så å legge seg ned halvt sekund etterpå. Idagens litle treningsstund klikka eg med ein gong han satt seg perfekt, og auka deretter kriteriene, så han tilslutt hadde lengre sittar på opptil 3 sekunder.
Følgje etter target
- Har begynt å trene med at 2 fingrar er target, og ikveld skulle han følge etter targeten. Han gjorde dette med han beit over når han nådde fram. Det eg gjorde då var at eg klikka for at han begynte å følge etter slik at han skulle vite at det var rett, og deretter klikka eg kun når han trykka snuten i fingrane, ikkje når han beit over. Eg fekk 3 gode repetisjonar på dette før eg ga meg.

Trening Tanja
*Sitt
- Tanja har heilt fantastiske sittar med kontakt. Hu setter seg med ein gong, så eg ser faktisk føre meg at eg begynner å legge på kommando inne i begynnelsen av neste veke. Me har endå ikkje trent på dette ute.
*Dekk
Etter langt om lenge klarte eg endelig å få klikka på at hu la seg. Eg begynte med å "lokke" hu ned, som eg vett er HEILT FEIL, men dette førte til at hu tilslutt la seg. Eg gjer absolutt ingenting aent enn å sjå på hu, klar til å klikke for at hu legg seg. Hu har litt forskjellige liggar, av og til er det framparten som kommer ned først, andre gonger er det bakparten. Først ikveld har eg fått begynt å klikke på at hu legg seg.
*Stå foran
- Denne var litt meir vrien i og med at eg har trent på både sitt og dekk, men eg fekk til 8 klikk der hu sto foran meg og såg på meg. Hu ville heile tida sette seg, men uansett ka hu gjer så har hu ein utrulig kontakt.
Må begynne å klikke for kontakt også, for å opprettholde denne.

mandag, august 21, 2006

Idag hadde eg avtalt med Kari Anne å komme ut til Vistnes for å ri, men sidan Sky har lause sko, så gjekk ikkje det. Då blei me enige om heller å gå tur med hundane. Og det gjekk så fint. Me skulle gå forbi garden med altslags dyr på, gjess, geit, høner, kattar m.m. Swejsan va heilt i fyr og flamme og sprang for å jage vekk det som kom litt i nærheten. Eg gjekk heilt vekk i fra det å prøve å prate til han, og snøra bare bandet inn, og gjekk gjennom. Det va utrulig slitsomt, men han koste seg skikkelig. Når me va komt øve det sista gjerdet, slapp me begge hundane, og de sprang og hadde det så kult ilag. De hadde allerede avgjort at ingen av de kom til å fyke på den andre, så det va bare kjekt. Swejsan e jo ein del lettare og smidigare enn Ayla, så det blei ein urettferdig lek med katt og mus. Men te gjengjeld har hu tyngden sin som fordel da. Me gjekk nede ved sjøen lenge, og prøvde på spor også. Han fant meg ganske fort, og gjensynsgleden va stor. Han fekk springe veldig lenge laus, og han storkoste seg. På vei opp tok eg på han band, og han gjekk veldig fint ved sida av meg. På garden kom sauen Ane, og den bjeffa han på, for hu blei litt vel nærgåande.
Eg sitte igjen med ein så god følelse av at han har fått sett så mange dyr idag, og sjøl om sauen kom litt vel nærme, så komme han nok te å bli vande med det også. Bare ein så koselig følelse, for han og meg, sjøl om han og drog nåke så innmari i bandet, så gjorde det faktisk ingenting.
Vel oppe fekk han seg vatn, og inn i bilen for å kvila. Ingen lyd fram te eg gjekk og det var timen etterpå.

For tida har eg Tanja heime, hunden til mor, som er her for å få litt trening, og turar, samt et godt slankeprogram. Det e e ein toypuddel, liten av størrelse, og då eg kom heim trente eg litt på sitt, og litt med henna. Hu er langt fra klikkerkloke, eller generelt kloke på dressurtrening, så ting tar tid med henna. Men så artig med puddel, hu e oppvakt, kjempegira, og prøve så godt hu kan. Eg tok hu med meg på tur rundt "kvartalet" etterpå, og akk og vel for ein drøm å gå tur med. I forhold til det andre "beistet". hehe. ikkje drog, bare gjekk der å trippa ved sida av meg. Hu reagerte litt på både folk, bilar og syklistar, men hu e ikkje så vane med det heller, eller sånn turgåing. Hu sovna pal då me kom heim igjen.

onsdag, august 09, 2006

Idag har det gått veldig fint med Swejsan. Han va med meg på jobb, og der kunne eg gå ut av hans syne i mange minutter uten at han begynte å bjeffe. Han låg fint på teppet sitt heile dagen. I pausen tok me igjen litt target-trening, samt kontakt, men det blei lite siden det regna, og eg ikkje hadde regnkler med meg. I lunsjen var han i bilen, heile 45 minutter aleine uten bjeffing. Då eg kom for å hente han, låg han heilt fint, samenkrølla på teppet sitt baki bilen. =) Etter jobb bar det rett heim for å hente ein masse ting og ikkje minst Happy. Me kjørte te Kari Anne, der eg og hu reid på Sky. Ein vanvittig flotte hest, som iallefall eg blei heilt forelska i. =)


Swejsan var også der ubeskrivelig flink. Eg hadde han i bilen heile tida me reid, og eg høyrte bare han bjeffa intenst to gonger. Eg hadde bestemt meg for at idag skulle eg ha han i bilen, så fekk det bare gå som det gjekk. Men det gjekk heilt strålande. =) Ikkje peste han då me kon tilbake, ikkje sikla, eller va stressa. Han bare satt bak i bilen å kikka på oss. Flinke guten. Han og Happy fekk seg ein liten luftetur, før me gjekk inn for å ete. Då også var dei i bilen. =) Ingenting bjeffing då heller. Det e heilt optimalt det som har skjedd ikveld, og det viser bare at det nytter å trene på å bli kvitt seperasjonsangsten.
Me trente også litt. PÅ target, rygging og kontakt. Det gjorde godt med andre auger igjen, så me fekk til ganske effektiv og gos trening ikveld, om ikkje det varte sålenge, føler eg at det var til stor hjelp med endå litt ny input.
=)
Eg e strålande fornøyd idag, og hadde ingen formeining om at dagen ville utarte seg slik då eg sto opp.. =)

mandag, august 07, 2006

Swejsan va med meg på jobb idag, og det gjekk strålande fint. Rett før ferien gjekk det i bakken ein masse glas så skremte nesten livskiten utav han. Den dagen det skjedde bjeffa han masse, så eg va ekstra spent på om det gjekk bra idag. Det gjorde det. =) Han låg stille fram til lunsj, då gjekk me ut og han fekk tisse. Eg hadde med meg klikker og godbitar, og fekk han til å bruke handa mi som target. Han trengte litt tid på å finne ut ka eg ville, at han ikkje skulle gi meg "high five", og han prøvde litt av kvart. Han satte seg, ga meg "high five" både med venstre og høgre labb, tilslutt tok han snuten borti handa mi, og han fekk klikket og jackpot. Me tok nok repetisjonar slik at han kanskje husker dette til neste gong.
Etter trening fekk han ligge i bilen til lunsjen va øve, og han låg heilt i ro. Ingen bjeff, ingen skraping på vinduet eller døra. Han la seg godt ned og sov mens eg åt. Dette varte ein halvtime. Eg e kjempestolt øve at han klart seg så lenge med tanke på at han hadde vore så passiv og stille heile tida på jobb. Resten av dagen fortsatte slik. Han ga vel 4-5 bjeff ein gong når eg va ute av synet litt for lenge, men eg gjekk ikkje tilbake så han kunne sjå meg før han var stille igjen.

lørdag, august 05, 2006

i går gjekk me ein liten tur ned på butikken etter at sola hadde gått ned. Eg hadde med meg godbitar og klikker og trente på å gå fint ei god stund. Over fortgjengarfeltet trente eg på at han skulle sette seg og gå fint ved fot over, og dette utførte han heilt perfekt. Då eg h adde vore på butikken å handla, kjøpte eg ei tauleike som han bare elske. Me trente kontakt med den, og var oppe i 4 sekunder her også. På ein eller aen måte kom me plutselig til å gå sideslengs!!. Begge to. Swejsan gjekk med si langside mot ei side, mens eg gjekk same vei. Det va knallkjekt å plutselig dumpe oppi nåke nytt. =) Han blei skikkelig gira av dette, og såg ut til å kose seg masse mens me holdt på. På vei heim fekk han gå å snuse uten å trekke i bandet, men eg må innrømme, eg måtte stoppe opp nåken fleire gonger enn eg egentlig skulle ønske.
Note to myself: trene meir på at Swejsan snuse, uten å trekke i bandet.

Idag e det igjen velig varmt, men eg skal rydde hagen for lort, og kanskje klippe den. Prøver på litt slalom mellom beina etter solnedgang. =) Glede meg masse til det.

tirsdag, august 01, 2006

Idag va egentlig ikkje rette dagen til å ta ein stor treningstur, då Swejsan dreiv å bjeffa på ting utforbi i heile natt. Det føles iallefall slik, for eg e utrulig lite utsoven.
Men, anyways. Eg tok med meg frolic, kaviar og leverpostei på tube, og gjekk ut. Tenkte eg skulle late som om eg hadde med meg ein ukjent hund. Og det fungerte veldig bra.
Eg fekk han til å holde kontakten ute med masse forstyrrelsar både av syklande og skitlukt, bilar og møll i heile 4!!! sekunder. Eg e faktisk kjempefornøyd, for det har gått relativt kjapt med auking av kriteriene.
Eg gjekk ned til elva, og trente også på at han skulle gå fint i selen, dvs at han kan snuse på det han vil, på mi venstre side, uten å få bandet stramt. Men han har så masse energi, og fekk seg ein skikkelig energi-utblåsning, hopte og sprang å styrte på. Eg gjekk då bakover, og plutselig hadde eg kontakt med han igjen, som eg selvfølgelig klikka for. Men, hekkan, det gjorde vondt i håndå når bandet blei revet i alle retningar. Sterke e den guten.
Me gjekk inn på fotballbanen, og eg slapp han laus. Han sprang, sprang, og så sprang han ja. =) På vei heim gjekk han heilt perfekt. Eg har aldri hatt så enkel heimtur, ever! Så eg trur han blei godt trøtt at det me gjorde.
Under kontakt-treningen fant eg ei måkefjør som eg brukte som belønning, men den blei han heilt gira av, og klarte slettes ikkje å konsentrere seg. Det gjekk kun to gonger, men eg fekk 3 sekunder av han siste gongen. Egentlig ikkje verst i grunn.
Me var ute i 1,5 time, men gjekk ikkje meir enn 1 km. Masse lukter, trening, og innlæring har gjort te at han nå ligge som et slakt. =) Deilig.

Håpe virkelig han kutte ut det bjeffetullet i nått.. =)

Seperasjonsangst-trening:
-Tatt opp nøklane, på med jakke og sko, lagt på plass igjen, og fortsatt med det eg gjorde.
- Lukka igjen dørene etter meg slik at han ikkje kan følge etter.
- Fått han til å ligge på teppet, mens eg gjekk opp på kjøkkenet, utav syne i 1 sekund, for deretter å returnere..